«NYE ÅKREHAMNS» 25 ÅRS JUBILEUM – 2020.»

18. mai 2020 — Blogginnlegg av John Ståle Egge

Kanskje lura folk på ka eg meina med denne øveskrifte…….

Jo det er i år 25 år siå i juni 1995 at det blei bestemt at denne bygdå på vestsiå på Karmøynå sko renoverast, og alt sko bli nytt. Bygdå sko forvandlast i frå sildolje lukt og røyk, eit illeluktende havnebasseng te ein flotte levande plass for meneskjer.

«Nye Åkrehamn» va eit faktum då den sista sildoljepipå blei frakta med ein Eide lekter te Husøynå, ein mai dag i 1995.
Ein glimrande jobb va gjort av Hystad brødrene, Karmøy Næringsråds forman an Kjell Netland og ikkje minst Rasmussen familien, eigaren av fabrikken og fleire andre, som nå hadde fått gjennomslag for å flytta Åkras styste arbeidsplass te Husøynå.
Store protestar i frå Åkrabuen som va i mot flytting, blei det.
Folk va redde for at denne plassen på vestsiå av Karmøynå sko dø heilt ut.
Som åkrabu, va eg sjøl blandt dei som va med i protest gjengen og mongje andre med meg, spesielt blandt den eldre garde og fiskerane.
Sildoljefabrikken hadde vore i generasjonar bygdas styste arbeidsplass både i gode og dårlige tier.
På fabrikken konne fiskabåtane alltid få levera sin «skiitfisk» og dei fleste som ville ha seg ein jobb på land fekk seg eit godt levebrød på Sjøodden, der sildoljefabrikken låg.

Nå va det slutt på alt meinte folk!

Der tok mongje skammeligt feil.

I den tiå i då fabrikken gjekk for fult va det eit yrande liv med fiskabåtar, fiskerar, sildoljearbeiderar. Fabrikk lokte og sildolje røykjen steig 50 meter te værs, og la seg som eit stort «skoddateppe» i frå Grimsby, te Kaien , heilt opp te Krossen og sør te Åkrasanden, men det va ingjen som klagde. Sjøl om klesvaskjen i den tiå måtte vaskas både ein og to- tri gongjer.

Dette va jo pengelokt blei det sagt, sjøl om Norges finaste badestrand Åkrasanden, te tier konne flyta i fiskafett og handukane te dei «badande» stinka av gamadle fisk frå Fladengrunn i Nordsjøen.
Dei fleste husene i sjøkanten va dekka med eit fint sildolje støv og sot som va «lightutgaven» av sildoljemjølet som blei produsert på Sjøodden.
Fortøyninger te småbåtene va innkabsla i fiskafett, eit griseri uten like.
Småseien som hadde overlevd i sjøen på Åkra hadde vokse seg store og feite , men lokta guano og drit då den blei dratt på land av ein fiskahungrig turist som tilfeldigvis hadde våga seg te å stoppa « eit par timers tid» i denne fiskabygdå på vestsiå av Karmøynå.

Men i 1995 va alt dette slutt !

Åkra tok ein nye vending.
Flinke vestante folk sette ned arbeidsgrupper som hadde som formål å leggja ein fremtidens strategi for bygde her vest. Dette blei eit lukrativt prosjekt med mongje flotte gode idear som kom fram i lyset og satt ut i livet……
Prisane på på eiendommar ved sjøkanten skaut i været. Nå va det plutselig blitt attraktivt å bu i Åkra sin sjøkant.
Lokale byggefirma sette i gong med utbygging langs havnebassenget. Gamle falleferdige boliger og sjøhus blei revne og erstatta med nye hus, møkje i same stil som dei eldre bygningane.
Nye arbeidsplasser kom tebars på Sjøodden og andre plasser på Åkra.

Optimismen va te bars……

25 år ittepå ser me resultatene.
Bygde Åkra er blitt ein flotte by, med egen bystatus.
Nye flotte huser og sjøhus er satt opp i sjøkanten, der folk kan nyta solnedgangen i vest.

Sjøauren som fine sommarkveldar hoppa i vannskorpa rett utforbi kaien der som «dasseien» for 25 år siå hadde sitt tilholdssted.
Makrell stimane på hausten som skyte fart på kryss og tvers i vannskorpå med ein sløvglitrande skygge i den reine blå sjøen.
Hyvringjen, krabben og hummeren som krype og stortrives i det krystallklara sjøvatnet i frå Mortholmen og heilt te indrekai. Taren som du igjen kan sjå på 10 meters djup.
Flotte malerverk og statuer er produsert på fleire plasser rundt havnebassenget, som minne om ei svunnen tid.
Turistar som komme i frå øst og vest te Åkrehamn for å nyta havluft og sjøsprøyt og rikeligt med flotte ferske sjømat. . og ikkje minst fiskeri og sjøfartshistorie.

Norges flottaste badestrand e på landsbasis sette på det nasjonale kartet….

Åkra e blitt Karmøy sitt handelssted i øvste divisjon med eit vareutvalg som sprengje mongje grenser…..
Folk flytte te denne plassen som e blitt ein aktraktiv plass å bu å veksa opp i, både for dei som har røter i frå plassen og dei som ikkje har det.
Barn, ungdomen, vaksne og eldre stortrives her i havgapet i vest, sjøl om nordavinden og regnbyene, te tider kan vara litt plagsomme.

Men når den lune og varme sørausten sette inn med flotte solnedganger som forsvinne i havet med Utsira, ja då e det flott å sitja på på sjøhusterassane, dei flotte moljene, elle rett å slett vandra på den mjuke kvite sanden på Sandane i sine egne draumar og tankar….høyra bølgjenrusen, kjenna taraloktet. Då e livet flott.

Å nyta god mat og drikke i Åkrehamns natur og reine klare sjøluft, ein flotte sommerkveld, ja det er vel noge av det besta ein kan oppleva.

I dag skrive me 18. Mai.

Me går mot sommaren med fudle fart. Dette året e det satt begrensninger på vår reiseaktivitet.

Kanskje dette spesielle året e det tide for kvar og ein av oss å nyta og utforska denne plassen me har fått tildelt.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies