Bli medlem

Nyheter

HISTORIA FRA ÅKRA I 60 ÅRENE OM TARA SKJERING.

Publisert

Me som voks opp på Okra i femti og seksti årene hadde det sabla kjekt. Her i vest låg havet med adle maritime muligheter som konne finnas , og det var spennande for adle ås ungar å utforska det med bølger og straumar flo og fjera. Studera dassmorten som gjekk i stimar og blei te små sei itte denn hadde fått i seg nokk fiskafett i frå sildoljefabrikken. Me fiska med snøre og ongedel som med fekk i sjå an Ludvig Vallhammer på Årabåt der som han Espen Kvilhaug idag bur. Han Ludvig kalte adle, Lulle. Te agen brukte med salte sild som me hadde stole i tynnene på Mortholmen elle krydrasild i frå Ryving som låg på bryggjå på Seihammaren. Spennande va det då dei store stimane med sei vakte utfor bruggjå på sildoljen....... Pang, der beit ann og på krokjen, ein levande sei på øve kiloen........då var me plutselig storbasar så som an Håkon Hatløy i frå Vea som dei vaksne snakka om, og som hadde sildasnurparen, Vigra. Trekassen frå rekefabrikken te Haugane blei fudle med små sei, men itte å ha luggje i sole ei stund blei den knallharde på skinnet og då var det te å sløya seien så som an Lulle hadde lært ås. Seien sko jo gjerast om te penger og då måtte den behandlast der itte, fiskjen sko jo te konsum som det hette på fint og vara meneskjemat. Men då sløyingje starta var det ei fele lukt som kom i frå maien på seien. Ei lukt som var møkje verre en den lukte frå gamle karane som sto langs sjøhusveggjen og prata og feis itte å ha hå tømt i seg resten av ertrasuppå frå forrige sundag. Nei ingjen ville ta i mot fangsten vår og heller ikkje katten nass Lava ville ha den. Katten barre rynka på nasen og gjekk sin vei. Det blei ikkje noge lot av dette fiskje, men uansett var det for ås ungar knallkjekt å vara med på seifiskje på sildoljen...... Men så skjedde det noge stort på Okra. Han Jacob Knutsen , far te Piggen og som me kalte Tara Jacob var begynt å ta i mot tare for nogen som hette Protan og låg på ein plass sør for Haugesund og som hette Vormedal. Nå konne me glømma heila seifiskje på sildoljen og heller satsa stort på sjera tare og levera te an Tara Jacob. Dette var svære ting for ås ungar. 3 øre kiloen og slutt seddel med oppgjør hima i sjå konå ans Jacob oppe med rådhuset. Han Gamle Ola og Bia på holmen som hadde kutteren Siggen med do bak var stor sjerarar. Dei hadde ein store flatbåtna robåt som dei fylte te randen med tare. Og dei visste nøyaktig desse to holmabuane kor det var mest fingertare som taren blei kalt. Då det var fjera sjø og taren flaut i sjøen med sine longe tarafingrar studerte med ongane kossen an Ola og Bia gjorde då dei fekk taren ombord i båten sin. Me gutane i frå Grimsby, Kaien og Holmen lot ikkje muligheten å tjena store lotar gå i frå oss. Vikkrann brødrene, ann Kjelleif og Helge som var i frå buktå med kaien slo seg i samen med an Gunnar Gabrielsen ann donnta som med kalte han og dei var som oftast på tarafeltene på nordsidå av okra opp opp mot Klepp, Rauflesk og Longasjær. Når dei sko him måtte dei seila igjønå rauhålå unda holmabrunå der an Jan, far nass Aase Simonsen la ned krabbe for å komma heilt inn te låsehavn. Og det var litt av ein utfordring med ein dravlasta tarabåt å manøvrera i dette littla hålet. Foresten ein gong gjekk nødsignalet sør for Klepp, ann Kjell Leif og dei hadde lasta båten med så møkje med tare at dei ikkje klarte å holda båten lens lenger. Men det gjekk vist fint og dei klarte å kava seg te land heile gjengen for dei leve jo idag heila mannskapet. Me frå Grimsby var meir på sørsidå av okra, mot Gulholmen , Sandane og Hommrasjer . Båten hadde me fått låna elle tjuvlånt i Mortholmen , ein som dei brukte å ro folk te salteriet med. 900 kilo lasta båten og med fudle last blei det 25 kroner på deilng og det var jo ein kjempelot. Mesteparten av loten gjekk opp i pylser i sjå an Ludolf og der spelte me jukeboks med plater frå ti i skuddet for å imponera jentene frå Sevland og Odland. Ludolf var i kjempehumør då me kom him frå tarasjæring og hadde loten i lommen og der å då var me bestevenner med ann Ludolf og odlandsjentene. Då fekk me lov å gjera det mesta om det var rett elle gale både i sjå an Ludolf og med jentene. Billiard og flipper spel .....og pylsespandering på jentene og vipps så var heile loten brukt opp, men då var det ut igjen på ny å sjera meir tare og levera te Tara Jakob. GU så rike med følte oss og med tarapenger kunne med gå te na Lillemor på Windsor, mor te styrmann ann Jan Einar Valdhammar å kjøpa Beatles gensi og popbukså så som Bee Gees og Moon Spinners frå Haugesund hadde på seg. Ja det var litt av ei rike tid me hadde som fekk veksa opp på okra i 50 og 60 årene. 👍😊