Bli medlem

Nyheter

Å GÅ PÅ ÅKRA UNGDOMSKULE FOR EIN 14 ÅRING I 60 ÅRENE VA INGJEN SYNDAGSKULE AKKURAT……..

Publisert

Ungdomskuel var vist ferigge i nitten sekstifem. Heldige va me sa dei vaksne som fekk vara nogen av dei fyste elevane som fekk ta denne flotte skuel i brok. Me som kom ifrå badnaskulane på Åkra, Vea, Sevland og Odland sko når med begynte på den nye skuel blandas i samen i sjuende klasse og i åttende sko med skiljast igjen itte dyktighet og oppførsel. Skuel som låg på Grindhaugs markjå va flotte med symjabasseng og store gymmastikk sadel og sene ienden av salen. Stakkars Petter Østhus i sjuende klasse som sko klatra på ein stie øve scenen for å setja noge opp for skulelagjet. An Henning Liknes sko halda stien så den ikkje glei på det flotta nya parkett golvet, mens an Petter va i toppen på scenen. For det konne få katastrofale fylgjer både for den eine og den andre, viss dette sko gå gale. An Henning blei heilt forfjamsa då han såg skulestyraren stod i døre te gymastikksalen og glømte heilt ut at han holdt i stien........ Bang....bang sa det og Petter og stien for i golvet. Petter havna på golvet med et brak og låg der som ein nyfiska makrel og rista og sprelte med både armar og bein, men klarte ikkje å komma seg på to føter....i det heila tatt uansett ka han prøvde. Skulestyraren fauk opp i et sinne og brølte som galning te han stakkaren som lå meir elle mindre skamslådde på golvet, mens han som sko hola stien gjømte seg bak sceneteppet. Dokke har fått skraper og øydelagt parketten og nå får dokke to versågod møta isjå meg klokkå et sa han, og så for han ut i et sinne..........mens an Petter låg heilt livlause igjen på golvet og an Henning sat som ein vetskremte foglasporv bak forhengjet på scenen. Flotte klasse rom i fyste etasje og skulekjøken, naturfag, kjemi rom og med sløyden heilt i norde enden. I Kjellaren va det bomberom som me sko jømma oss i hvis det blei atomkrig , men desse rommene blei då mest brukt te musikk... Ein store vestibyle som dei kalte det på fint, låg midt i skuel der me sko høyra på andakt om me så ville elle ikkje. Å stå oppreiste onda heile andakten konne vara ganske slitande for mongjen tidligt på måren. Å høyra om stormen på Genesarett sjøen og Jesus som sovna på dekk og ikkje ville vakna, og der an Håkon Olsen aldri blei ferrige med vind og bølger og folk som sovna , var milt sagt ein prøvelse for enkelte av oss elevar. Då golvet i vestibylen på ungdomskuel begynte å gynga , ja akkurat som å stå på dekk på ei femti fots skøyta i kuling kunne vara ein fæle opplevelse. Ein veabu sovna unda andakten og havna på ein plass som adle av oss va livredde å komma te. Mongje kjente slingringje i føttene og datt øve ende, men jaggu kom dei seg fort opp igjen for ikkje å bli oppdaga av topp ledelsen i aen etasje. Ja toppledelsen va oppe i aen etasje med utsikt øve heile skulegåren va for ås øvste Sovjet. Det sat skulestyrar og fyste lærar på sine kontorer og forhørsrom........ Forhørsrommet var skummelt og der måtte du stå i rettstilling med den gule blyanten med spissen tri sentimeter inn i nedre del av håkå, viss du hadde gjort noge som muligens konne vara gale. Skulestyrar va Kristian Bredesen som va gifte med na Alice som og va lærar og skulte for dei som var mindre en ås ungdomar. Bredesen hadde sin bakgrunn ifrå tatermiljø blei det sagt og han konne vara grusom sinte, ja det fekk eg og andre med meg jaggu erfara på forhørsrommet i aen etasje. Fystelæraren hette Kristiansen, han kjørte ein kvite Amason og budde på Sandane. Trur han kanskje hadde bakgrunn fra militære i den kalde krigen, for han va ikkje tater, men ein gael general i øvste Sovjet, trur eg. Lærar rommet var flott med flotte moderane salonger og salongbord. Mongje flotte lærerinner og lærarar hadde sine pauser der. Ute i skulegården gjekk lærererane vakt på ås elever for å sjå at atte me ikkje røkte elle småklinte med jentene elle lurte oss vekk ei stund på Bella for å kjøpa ei bolla og cola. Skuel var heilt gjera inn og det konne vara vanskelig å stikka av uten å bli oppdaga. Blei du oppdaga å vara på utsidå av jerde blei det forhør på toppen i andre etasje og straff hvis du ikkje hadde ein god nok forklaring. Straffen va noge som blei kalt parade og parade va at då måtte ein komma på skuel et par timar fleire dar itte kvarandre, tidligare enn ei andre elevane. Ja for heilt på toppen i øvste Sovjet sat partisekretæren som va skulestyrar og assistenten, krigsministeren Kristiansen med kikkert og speida ut øve appell plassen for med egne auger å sjå at alt gjekk føre seg på den måten som desse to hadde bestemt. Speida itte gutar som hadde Beatles hår som me sa den gongen, og så bli tvangsklypt av desse to galningene akkurat så som som fangevoktane jore med fangane unda krigen. I tillegg hadde desse to ein svære høytalar som dei brølte i hvis dei såg nogen av elevane holdt ein aen i håndå elle kom bort i det grøna graset nedforbi pissevaren. Høytalaren øvedøvde brannalarmen hvis det va brann på Åkra. Dei elevane som kom i frå Vea va med Åkrabuar kolossalt spente på, for dei hadde me ikkje tidligare sitt så møkje te. Vea låg jo i utkanten av Åkra og der hadde me sørante ungar ikkje vore. Barra kun nå me reiste i bussen te Kobbarvik og når den snudde i rekkje i krysset med an Morten Johannesen og Jakob i Rekkje og der va ikkje mongje folk å sjå.....på dagtid. Jentene som kom i frå Vea va så flotte synst me åkragutar og så va dei meir modne en resten av jentene i frå Odland, Sevland eller Åkra. Gutane i frå Vea va nogen skikkelige tøffasar. Dei hadde eventyrblanding på sjortelommen og hadde drokje eksport øl som dei hadde stole ombord i Kjeholm som låg i opplag nere i sjå Torkelsen , sa dei i allfall. Nogen av læreane an Bjelle, Kveinen va og av den gamle sorten og marsjerte i takt med med øvste Sovjet, men det visste me om og tok derfor våre forholdsregler. An Håkon Åsbø som va speidar og budde på Vea ville vara sjøl av den gamle sorten. Men han lurte med trill rundt uten at han oppdage det. Alltid for seint oppdaga han det tullet med konne finna på.....itte pausen i det stora friminutte. Då hadde me vridd den våte tavle svampen på læraren sin stodel og då va det spenning og småfnising både blant jentene og ås gutar. . Grisongar, kalte han oss då han blei våte i raue og va ferrige med det. Ei jenta i frå Sevland hadde longt nydeligt svart hår, men med alpehua på toppen fekk hu beskjed av krigsministeren an Kristiansen å ta denne av seg. «Frk Grindhaug hvordan har du det under alpeluen i dag da vennen min» sa denne ministeren av ein fystelærar. Nogen år seinare blei Frk Grindhaug te Fru Egge og glad e eg for det i dag. An Odd Fagerland var ein moderane lærar som visste kossen han sko lære oss pensummet både i tysk, engelsk og historia. Å komma ned te an Johan Gundersen i sløyden var bare kjekt, her fekk me ufolda oss med adle våre kreative kunnskaper på den flottaste måten. Men høyde punktet for ås som voks opp med Beatles, Rolling Stones og Bee Gees var å komma ned i bomberommet der an Kjell Flotve og Oddvar Andreassen styrte ståkjet. Me hadde han Kjell i musikk og nogen av oss hadde han og i Tysk. Flotve var ikkje så møkje gammlare en ås elevane så han visste kossen han sko ta oss. Dørene i bomberommet blei skalka hardt igjen og platespelaren blei sette på full spiker med Beatles sin jesterdei og Bee Gees sin to love somebody og fleire andre svisker. Heilt musa stidle sat med og drømte oss vekk då musikken joma i veggjene i bomberommet med ein flotte romklang som sjøl ikkje det va muligt å oppnå i konsert huset i Bergen, trudde me. ........ Ja det e lengje sidå dette nå, men minnene både vonde og gode består, men heldigvis e det dei gode minnene som alltid vil bestå. Uansett så har me møkje å takka Ungdomskuel og lærerene for, sjøl om ikkje dette var noge syndagskule akkuratt.