Har hørt atte Mash ska spela i dag

27. juli 2016 — Blogginnlegg av Kenneth Sandhåland

Har hørt atte Mash ska spela i dag. (dette é skreve føre u Lisa dø):

«Ka så feila han da?»

Det kan kje ha vore så lett å satsa på opera når du va frå Karmøyne, men jaggu klarte an det.
An Kjell Magnus så spelte i Mash, va bror nas Berit så é jifte med an John Ferkingstad – elle psykologen så di seie – og blei store internasjonalt.
Som tenor! Me andre visste jo kje ka det betydde ein gong.

På den tie, hadde me kje så mongje så va kjende uttforbi øyne. 3 Busserulls så hadde vore me i Ferske Fjes og blitt landskjende på folkelige tekstar og framføring. Og me hadde sjølsagt an Harald Pettersen frå Kobbarvik

«Åhh, gråtende sky
Å jeg gråter jeg gråter på ny
Jeg har mistet min venn
Og jeg gråter igjen
For min hest og min gråtende sky.»

Gu så di song, u mappa og pappa, an Ludolf og Astrid og Søren og Ruth. Av og te va u Molly og Knut Johan me óg. U Molly va frå Strande og song mens an Knut Johan va frå Vårå og va tålige. U Molly e syster nas Lisa så va «over there» samen med sin Jonas i det mesta av sitt vaksne liv. Men når di va hima va di mé og song. Nå bur u Lisa på Strande i Kobbarvik, e øve 90, men går ennå lett i kvite joggesko.

Ikkje ein einaste skikkelige kjende fotballspelar hadde me. An Harald Aase hadde spelt på prøvelandslajet og an Geir Osnes kom me på juniorlandslajet, men me hadde ingjen internasjonale føre Egil Østenstad drog på seg landslagstrøye. Då hadde an Kjell Magnus for lengst etablert seg i Wien og på andre store scenar. Jedna inspirerte di kvarandre, han og Leif Ove Andsnes. Han e nok vår aller, aller stysste kunstnar og kjendis og tenk atte det va u Laila atteme Åne, så trente an.

Nogen andre? Sildakongen sjølsagt. An Arvid Mørch frå Vea. Og an onkel Lias så leda havneblokaden og an Lars B. Meir om dei seinare.

Når det kjeme te jenter, slite me ennå meir. U Hanne Krogh va det besta me fekk té når eg va onge. Hu song me ein paraply i Grand Prix og det va nogen så sa u va frå Haugesonn. Men frå Karmøyne? Føre na Marit, kjeme eg barre på na Helga. U Helga Rullestad blei rikskjendis på beis. Dekkbeisaksjonen gjorde både hena og øyne kjende. U Marit ans Mangor sa me seie sjøl om di e sjilde nå, e oppvoksen på Stava og har greia på alt så har me Amerikafart og vikinghistoria å gjera. U e møkje i avise og ofta på fjernsyn så eg trur eg kåra hena te ein av våre stysste kjendissar.

Hellesen va det jog nogen oppslag om idrettsprestasjonar i frå Tyrvinglekene og såvert. Skoglandjentene språng knallfort og an Kjell Bårdsen frå Sevlan va best i sin årsklasse i treesteg.
Men di kom jo kje akkurat på samlekort.

Det va saker. Me kjypte pakkar sjå na Ellen (u Odessa va dø). 5 kort innpakka i syllpapir med fargebilde. Du opna di akkurat så du opna ein sigarettpakjje, drog i ein rauge tråd. Bilde av kjendissar så du konne lima innm i ei bok visst du hadde fått lov å kjøpa na. Visst ikkje konne du barre bla i di så ein krotstokk. Du fekk jo monje lige, men då konne du byta. Eg kjeme kje på et einaste tryne frå Karmøyne. Ikkje frå Haugesonn heller.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies