Me gjekk i sjuende og sko snart bejynda å drikka øl

3. april 2016 — Blogginnlegg av Kenneth Sandhåland

ongdomskulen

Me gjekk i sjuende og sko snart bejynda å drikka øl. Fysste i uverskuret på Ungdomskuel – for ås så budde på Åkra. Holdt oss føre nasen og slo håve bakøve.
«Det va knallgodt», laug me mens den bitre smakjen rota seg nerijønå halshåle så va mest vane med slikkepinnar og fleskamannar.

Om dajen va dorr strekt ein kjetting framforbi uverskuret.
«Kan me få gå i uverskure», sporrte me leraren så hadde vakt.
«Nei, det rigna kje nok», sa han og såg opp mot glaset på lerarrommet.
An visste sjølsagt atte Bredesen elle Kristiansen fyllte med. Ongar hadde ikkje vondt av å bli litt våte.
Bredesen va den fysste rektoren på Åkra Ungdomskule. Han konne vara fæle. Me hata an så pesten lengje itte me va ferige i skuel, men så kom det fram atte an va tater og då blei det litt bere. Kristiansen va fysstelerar og han va ikkje tater, så han hata me ennå.

Kristiansen sto i ankomsten te vestibyel når me kom om måren. Såg på oss og tvinna den oransje, spisse blyanten mjydle fingrane. Kom du for seint, måtte du stå der samen me Kristiansen og dei andre så hadde sove for lengje. Nogen gongjer stakk an den nykvesste blyanten opponda håka på deg og stilte spørsmål så an visste du ikkje konne svara på. Då konne an auka presset for deritte å smila litt føre an gjekk te neste.

«Men i den fjerde nattevakt kom han gående mot dem på vannet»
Dette va frå Matteus, kapittel 14, vers 22 te 33, blei me fortalt. Det va viktigt å seia kor di hadde fonne det. Ofta sa di de i bjyndelsen:
«I Paulus sitt brev te Filipperne, står det skrevet» sa di føre di kom med ei historia.
Dei fleste av oss har nok fått med seg Johannes 3-16, men adle Matheus’ane, Lukkasane, Romarane og Filisterne har blanda seg med Genesarethsjøar, kamelar, bjelkar og andre materialer.

Me hadde ofta nok med å helle oss på føtene. Klissvåte huer og boblejakker på adle kanter. Me stod så sild i tynna og der va alltid nogen så ikkje fekk nok loft og besvimte. Det va som regel dei same.

«Må ta imot an» kviskra me te dei så stod rett bakom dei så pledde å dette. Di datt som regel bakøve.

An Einar Sjøen va titte, men det va kje barre lerarane så holdt andakten. U Evely va ett år eldre elle meg og gjekk i Pinsen. Hu fekk prøva. Snakkte om Korinterar og misjon og den Hellige Ånd.

I sum blei det mest Jesus, litt Den Hellige Ånd, ikkje så møkje Gud.

Adle snakkte om Misjon.
U Bjørg Mydland frå Kobbarvik va nettopp kommen frå misjonsmarkje i Japan og va blitt vår klasseforstandar. Me fekk klyppe ut fargebilder frå blar så hu hadde me seg og lima di på store ark så me hengte opp i klasserommet. U viste oss lysbilder av fjedler og vulkaner og me fekk komma te na i Kobbarvik og sjå på figurar og greier frå Japan. Me blei skikkeligt imponerte. Ei stond forstod til og med eg atte det va viktigt å frelsa japanarar – elle japsar så foreldrene våre sa.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies