Få skjortå opp i bokså

29. februar 2016 — Blogginnlegg av Kenneth Sandhåland

Ka e vitsen med et flott belte visst du har skjortå yttanpå bokså?
«Få skjortå opp i bokså !», sa dei vaksne

I dag går di med na yttanpå sjøl. Maien vise ikkje så godt då.

«Kan eg få gå i bere gensien?»
Det va gjevt. Sol og frost og bere gensien.

» An Henning får», sa eg når u mamma sa nei.
» An Alf Henning og.»

Dei va jo gamlare. Kan nogen fortelja meg kafor det e kaldare å vara liten og kafor me måtte ha selar?

«Mamma, seel sprakk.»
«Jamen, knapp an igjen då.»
«Eg rykke an kje. Det e bak.»

Visst du ikkje hadde gensi på når an sprakk, fekk du an i bakhåve og når du hadde gensi, va det umuligt å få tak i an. U mamma måtte strekkja armen opponda gensien, famla itte den blanka klypå og dra i springjen te u konne sedja na fast i bokså igjen. Av og te kjente du kor irriterte u blei, spesielt visst det va tredje elle fjerde gongjen. Men kjypte u belte?

Sol, barfrost, is på Killingetjydne, gensien oppi bokså og belte i plassen for selar. Jog, me fekk oppleva det. Sat på tuene og stramte reimene rondt beksømmarane så atte lengdeløparane hong fast. Nogen hadde skeisehuer, men det va i orden med topphuer og. Når isen blei tjokkare, flytte me te Tjøsvollsvattenet og slost med Sevlandsbuen så kalte vattenet for Tveitavattenet og oppførte seg så det va deiras. Me blei jo kompisar med di te slutt, men det tok noken år. An Jan nas Randi va dorr. An Arnegutt og Hestas og Rusken. Di va jo bere å skeisa elle ås, men heldigvis holdt di seg meste på si sia. Seinare, når eg fekk øveta skosjeisene ans Henning, blei det mindre slåsting og meir jenter. U Liv va dorr heila tie. Så kom u Tordis og Hanne og Janne Marit. Seinare jifte de seg me an Magne og Gunnstein og John, men det va heldigvis møkje seinare. An Mangor og Dag spelte alltid ishockey me an Svein og Lulle så budde atteme vattenet. Adle brokte lengdeløparar. Unntatt an Karl Johan. Han va yngre elle ås, men va nok den fysste på Åkra så hadde ishockeysjeiser.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies