Bli medlem

Nyheter

100.000 i gåve til Ådland skolekorps

Publisert

Ådland skolekorps har fått ei utruleg flott gåve på 100.000 kroner frå ein privatperson i bygda. Gåva vil bli brukt til å betala ut lånet som blei tatt opp i vår for å delfinansiera kjøp av nye uniformar, samt supplera med dei uniformane som trengs framover.

Leiar i korpset, Helene J. Aarhus, sier at ho er overvelda over gåva og seier at den betyr svært mykje for korpset, særskilt med tanke på uniformssatsinga i sommar.

– Me hadde ordna med finansiering av uniformane, blant anna ved hjelp av eit kortvarig lån. No kan me løyse ut dette og få kjøpt inn dei resterande uniformane for å sikra at me har mange nok og dei næraste åra. Samstundes gir det også høve til i endå større grad satsa på musikantene og den vidare utviklinga av korpset, seier formannen.

Ho beskriv det som uverkeleg å få ein telefon ein kveld der det opplyses at en ønsker å gi en så flott gave til korpset. Det vart opplyst om gåva og bakgrunnen for denne på korpsets årsmøte. Det er også sendt takkebrev til givaren. Medlemma i korpset har fått opplyst kven gåva kjem frå, men i respekt for ynskje fra givaren har ein valgt å halde dette anonymt på nettet.

Korpset er djupt takksame for denne flotte gåva og alle dei andre gåvene frå bygda i samband med uniformssatsinga og korpsdrifta forøvrig. For dei som er nygjerrige på korleis dei nye uniformane er, så stiller korpset i desse på basaren 5. november klokka 18.00.

 artikkel Dag Inge Aarhus