Bli medlem

Nyheter

20 år som dirigent for Ådland skulekorps

Publisert

I samband med Ådland skolekorps sitt årsmøte, vanka det ein særskilt heider til dirigent Hans Ådland. Han har no vore dirigent for korpset i heile 20 år. Dette er ein innsats som fortjener heder og ære. Både foreldre og musikanter gav spontan applaus då Hans fekk overrekt ei flott slipsnål med g-nøkkel på.
Formann Helene J. Aarhus rosa også Hans for den innsatsen som han kvart år legg ned i korpset. Ho trakk også fram den tålmodigheita som han må ha. Ho samanlikna det som å spela brettspel - ein rykkjer tilbake til start kvart år. I korpset kan me verkeleg sei at me er heldige som har ein engasjert dirigent. I tillegg har me ein dyktig aspirantlærar (Sigve Ådland) som også gjer ein viktig jobb med tanke på å læra opp komande musikanter. Tradisjonen tro fekk både Hans og Sigve blomster og sølvskei i samband med årsmøte.
Forutan dette så vart det også vanlege årsmøtesaker - som valg, godkjenning av årsmelding samt godkjenning av regnskap. I tillegg vart det informert om ei flott gåve som korpset får, noko som vil verta omtalt i ein eigen sak på nettsida i nær framtid.