Nyheter
Stor ståhei om artikkel i H-avis i dag. «Tenker høgt for Åkra»
Publisert
Kopi av artikkel hos Haugesunds Avis
– Eit høghus på minst 35 meter sentralt i Åkrehamn vil setja byen på kartet, meiner styret i Åkrehamn Vekst. På Bryne reiser det seg eit hus på 64 meter.
Artikkel av: Jon Ådnøy
KARMØY: Paris har Eiffeltårnet, Bryne får eit 18 etasjars hus i sentrum. Kvifor skulle ikkje også Åkrehamn få eit bygg som viser att, spør lokale eldsjeler.
– Åkrehamn har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Me vil stimulera til vidare utvikling. Difor kastar me fram denne ideen, seier Per Inge Eriksen, dagleg leiar i Åkrehamn Vekst.
– Kvifor 35 meter?
– Det er grensa for kva som kan kallast høghus, seier Eriksen.
Han ser mange utfordringar. For eksempel å finna nokon med styrke og mot til å satsa mange hundre millionar kroner på eitt bygg på Åkra.
– Og det er sikkert åkrabuar som ikkje har sansen for noko så annleis. Kan henda vil kommunen eller fylkesmannen venda tommelen ned. Men me legg ideen fram og ser om nokon tenner på han. Viser det seg at det var feil ide, legg me han vekk, seier Eriksen.
Forbilde i Malmø
Kimen til visjonen om høghus på Åkra kom opp sist haust i Malmø, då teknisk hovudutval i Karmøy var der for å læra om byutvikling. På eit tidlegare verftsområde er det reist blant anna ein skyskrapar på 190 meter. Det er det nest høgaste i huset det bur folk i, i heile Europa.
– Teknisk sjef i Karmøy spurde, halvt i spøk, om me ikkje skulle hatt visjon om høghus i Åkrehamn og. Eg tok tanken med til styret i Åkrehamn Vekst. Dei valde å leggja han fram, fortel Per Inge Eriksen.
HØYR RADIO 102 SITT INTERVJU MED PER INGE ERIKSEN-Gå på www.radio102.no
Fleire aktuelle stader
Eriksen ser fleire tenkelege høghustomter på Åkra.
– For eksempel på Stong, nordvest for Åkrasanden. Tenk for ein utsikt, seier Eriksen.
Åkrehamn Vekst kastar fram ideen nå, i samband med arbeidet med kommunedelplan for området frå Veakrossen og Åkra Sør.
– Når riksvegen får ein trase lenger vekk frå sjøen, vil det også opna nye område nær sentrum. Plassar som i dag ligg litt perifert, blir meir sentrale. Eit høghus kan godt liggja sør for Tveitvatnet, nær ein tilførselsveg frå riksvegen til Åkra sentrum, seier Per Inge Eriksen.
Ikkje i konkurranse
– Skal høghustanken gjera Åkrehamn til hovudbyen i Karmøy?
– Me konkurrerer ikkje med Skudenes eller Kopervik. Fylkesdelplanen sin prognose er at om førti år er det samanhengande byområdet mellom Kopervik og Åkrehamn. Nå er hovudsaka å føra vidare den gode utviklinga me har på Åkra, seier Eriksen.
Åkrehamn Vekst ønskjer å presentera høghusvisjonen 23. april, på det opne møtet om kommunedelplanen.
– Heilt ny tanke
Ingen av lokalpolitikarane Haugesunds Avis snakka med onsdag kveld avviser tanken om høghus. Bente Thorsen (Frp), som sjølv bur i Åkrehamn, seier høghusvisjonen er heilt ny for henne. Det same seier ordførar Kjell Arvid Svendsen (KrF).
Aase Simonsen (H) tykkjer det er positivt med visjonar.
– At folk tenker «så flott det kan bli», og får forventningar til framtida for lokalsamfunnet.
Geir Allan Stava (SV) sin første reaksjon er meir skeptisk.
– Høghus berre for at det skal vera høgt? Det er to grunnar til å byggja høgt. Enten at tomteprisane er høge, som på Manhattan. Eller at ein vil ha eit monument. Stort berre for at det skal vera stort, det høyrest for meg ut som mindreverdskjensle. Det er det ingen grunn til at åkrabuen skal ha, seier åkrabuen Stava.
– Ein høg kasse, som Postgirobygget i Oslo eller Høgblokkene i Haugesund, det blir stygt. Det vil eg ikkje ha på Åkra. Er det eit fint bygg, som passar inn i heilskapen, så er det ikkje storleiken det kjem an på, eller om det ligg eller står, meiner Stava.
Publisert torsdag 16. april 2009 kl. 05:00.
Sist oppdatert torsdag 16. april 2009 kl. 10:05.