Om Veavågen

Veavågen har en lang og flott historie.
(Skrevet av Runar)

En kan godt begynne med å si at Vedavågen består av 5 garder; Salvøy/Vedøy, Sævik, Østhus, Munkejord og Vea. Hver av disse har en historie å by på.

Salvøy/Vedøy
Salvøyne/Vedøy er ei lita øy på over 300 mål, rett vest for Veabygdå. Ho strekkjer seg ikkje meir 17 m.o.h og er omkransa av holmar og skjer. Mellom Veabygdå og Salvøy ligger Ospøynå, der ei bru som blei bygd i 1957 knytt dei med fastlandet til Veabygdå. Øynå er oppringeligt kalla Vedøy, men no til dags blir ho ofte kalla Salvøy.

Etter bruå blei bygd så kom der 2 forretninger på Salvøy, men så blei etter kvart den eine nedlagt og derreter den andre.

Salvøy består mest av snautt og mykje fjell, men på austsidå av øynå er det ganske så djup jord, her kunne ein ha kornåkrer og potetåkrer der tare blei brukt som gjødsel. Det er kjent at denne siden av øyå har vært veldigt viktig for beflokningen med tanke på både mat og økonomi.

Ein kjenner ikkje til korleis dei første menneskene på Salvøy budde eller nøyaktig når, men ein trur at dei første gardsbusetnadane kom mellom 800 og 1300 e.Kr. Ellers så veit ein at det har ferdast folk i rundt 4000år på rundt på gardene i Veabygdå, så ein reknar med at desse har vært på denne garden også.

Kva navnet Vedøy kjem av er uvisst. Der er komen fram 4 teorier, der ein tror at det kjem av enten «viti» som betyr varde eller «vidr» som betyr skog eller tre. Den tredje teorien går ut på at det har sammenheng med ordet «veidr» som betyr fangs, jakt eller fiske. Den fjerde går ut på at denne øynå hørte til Vea og derfor kalla ein denne øyå for Vedøy.

Første gong ein ser Vedøy i skriftlige kjelder er på 1500- og 1600-tallet, der ser me at ho høyre til Mannes. I seinmellomalderen, ein gong etter svartedauden, flytta folket frå Vedøy. I ei liste frå 1567 er ho skriven «Wedernn øtt» med ein leidangsskatt på 1 kalveskinn, det vanlege for ein øydegard.

Men så på slutten av 1620-tallet flytta ein mann ved navn Salve Mannes til øynå igjen for å bosette seg, dermed fekk øynå navnet Salvøy som me kjenn ho til i dag.

Økonomisk sett har øynå vært veldig bra for de som budde her. P.g.a den djupe jorden på austre siden var det god åkring.

Sævik
Sævik er den ytterste garden i Veabygdå og er ca 500 mål stor. Høgste punkt er Skuteberget med sine 34 m.o.h.

Kva tid først bosette seg her er ein ikkje sikker på, men i 1943 fann ein ei bronseøks som stammar frå kring 1200 f.Kr, sjøl om denne er rundt 3200år gammal reknar ikkje ein med at dei første busetningane kom før 600 e.Kr.

Sævik forel ikkje noko om alderen på garden, navnet betyr enkelt Sjøvika, som er eit naturnamn.

Navnet har dog blitt skrevet på andre måtar igjennom tidene:

1519 – Syøwig
1563 – Seuig
1661 – Sæwigh
1723 – Sewig
1838 – Sævik

I seinmellomaldaren blei ikkje denne garden fråflytta som mange andre, det er kjennskap til brukar så tidligt som 1519.

Det er blitt sagt at det ikkje var så god åkring på Sævik, likevel nemner kjelda frå 1668 at dei kunne fø 15 snaut og 2 øykje.

Ein kunne dessverre ikkje gjere noko særlig utviding av kornarealet på denne tida, først utover 1800-tallet var dette muligt

Heil fram til 1780 kunne berre ein brukar bu her om gongen, med unntak frå 1720 då ein delte Sævik i to likestore deler i nokon få år.

Østhus
Østhus betyr «Den ytste garden». Gardsnavn som slutta på «hus» er rekna frå å vera frå mellomalderen. Namnet blei gitt mellom 1000 og 1300 e.Kr, men garden er nok ein del eldre, navnebytte skjedde ein gong på tidlig mellomalderen. Ein får nok aldri veta når eller korleis dei første busette seg på Østhus, ein veit berre at det må ha budd folk her i 100-vis av år. Her er det også blitt funne ein gammal steinøks som er rundt 4000 år.

Første gong Østhus er nevnt i skriftlige kjelder er i 1390åra. Som mange andre gardar blei lagt øde var Østhus fortsatt bosatt. Ein kan finne folk i skattelistene tilbake til 1500 tallet.

Østhus strekkjer seg tvers over Veaneset frå sjø til sjø. Innmarka ligg mellom små kollar og fjelldrag i den austlige delen av gardsvalet til Veavågen. Her kan ein finne verkelig djup og god jord.

Det ser ut som det er først i slutten av 1700 tallet ein begynner på alvor å trekke klare grenser mellom gardane i Veabygdå, tidligare hadde marka i mellom gardane meir eller mindre blitt brukt felles.

Jorda på Østhus har blitt nevnt mange ganger i skriverier frå 1600 og 1700 tallet om kor god den var. Ein kan nevne f.eks i 1668 seier matrikkelen «En Goed Korn Jord». Ein ser på brukarane av garden at det har vore gode tider for dem her. Siden jorda var så godt blei det mykje til over til salgs. Dermed kan me sjå at brukaranen har eid mellom anna sølvskjenkeglass, sølvstaup, sølvskeier.

Heile 1500 ser det ut som det bare var ein bruker om gangen på Østhus, 1600 og eit stykke ut på 1700 tallet var det to brukerer, midten av 1700 blei det fire brukere, og ved folketeljina i 1801 kan ein sjå at det var heile 7 bruk her, ved 1900 tallet var det enda meir, heile 13 bruk,

Munkejord
Munkejord er den største garden i Veabygdå, han er også den eldste, funn av steinøk fortel av det har ferdast folk i ca 4000år, dog busteningen kom ikkje før i eldre jernalder, ca 500 f.Kr – 600 e.Kr. Ein veit ingen ting om dei første bosetterene, einaste ein veit er at navnet Munkejord ikkje er frå den tiden, men frå rundt 800-1000 e.Kr då kristendommen kom. Munkejord høyrte nemlig til Halsøy kloster i Sunnhordaland, og munkane der har då gitt navnet «Munkejord» .

Sjøl om garden er den største, har den også den kortaste strandlinja, berre 2-300 m. Ellers skifter Munkejord i nord og vest til Østhus til sør om Hapaløkjen og langs Maramyr og vidare eit lite stykke med Tangen til like sørvest for Nordvatnet.

Jorda på Munkejord er djup og god, og kilder frå 16- og 1700 tallet fortel at avlinenge var gode og fyldige.
Utover 1700 tallet har åkerarealet blitt utvida.

Det fanns kver til å male kornet med på Munkejord slike at dei kunne male det sjølv. Det er nevnt at det fannes hus med kvern i 1725.

Dyrene på gården var dog lite i forhold til andre gardar rundt omkring i rogaland, det var nemmlig fiskeri som spilte den viktigste rolla på Karmøy, berre ein fekk tak i fisk så holdt det lenge.

På 1500 tallet er det nevnt 2 bruk på gården, i starten på 1600 kom der ein til og i 1645 er det 5 bruk. Men så i 1666 er det berre 3 bruk, så auka det til 5 igjen i 1680 åra.

Sjølv om dette var den største garden var det få bruk i denne perioden. Det var først i 1850 åra det skaut fart på delinga av gården. Då er det nevnt 18 bruk på gården. Den krafitge bruksdelinga førte til eit lappverk av teigar og ujevne grenser. i 1890åra blei dette ordna, og blei trukne grenser

I vårt hundreår har fråskillinja holde fram ved å dele småstykke og hustomter.

Vea
Gardane som rundt på Vedavågen, altså Østhus, Sævik, Munkejord, Salvøy og altså Vea er blitt fellesbetegnet under Veabygdå som kjem av garden Vea. Vea strekker seg 1.5 km langs Veavågen som er totalt 2.5km.

Det eldste tunet ligg sørvest for Kalvaberg der fleire gamle naust fortel om kva sjøen, fisket og sjøfarten hadde å seie for veabuen.

Kor lenge det har budd folk på Vea er usikkert. Ein veit at folk har ferdast her i omlag 4000år slike som de andre gardane. Navnet Vea kjem av det gamalnorske ordet Viðr som betyr skog eller tre.

Dog har navnet blit skrevet på en rekke andre måter gjennom tidene:

1563 – Viidaa
1602 – Weaa
1661 – Weeaae
1723 – Weaae
1838 – Veaa

Utalelsen av navnene er beint fram, men det finns opplysningar om ein eldre uttale; Veå. I så fall kan det opphavelege navnet ha vore Viðir, fleirtal av viðr.

Då kan ein sei at Veabygda har vore staden der det vaks mykje skog. Vea er nok det eldste av gardsnavn rundt omkring, og ein teori meinar at opphaveleg for lenge sidan så var det som me kjennar som Veabygdå i dag berre eit bruk. Som seinare har blitt delt til fleire under ein ukjent omstendighet som kan vere f.eks krangel mellom gårdsbrukerene eller busettarane.

I tidlig mellomalder kan navnet Vea såleis fått to funksjoner. Dels vart det brukt som bygdenavn, og dels vart det brukt om den parten av den opphavelege storgarden.

Ifølge skattelistene frå tidlig 1500 tallet fantest det fortsatt folk på Vea, så ein har ingen grunn til å tru at Vea låg øde etter svartedauden.

Ein veit ikkje mykje om den fyrste tida på gården, men etter 1600 tallet blei skriveri meir vanlig og kjeldene blei rikare og kunnskapen aukte tilsvarende.

Jorda på gården ble kalt i 1668 «En hjelpelig jord til åker, eng og mark». Ein kan les i registeret at avlingane var rike, og ein fekk mykje til overs til salgs.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies