Bli medlem

Nyheter

Kaia Knutsen – eit drivande kvinnfolk

Publisert

© Karl Sjøen, Åkrehamn    karl.sjoen@outlook.com  14. november 2018

I Åkrehamn har det opp gjennom tidene vore mange drivande kvinner som dreiv verksemder som landhandel, bakeri og manufakturforretningar, og det var ofte kvinnene som dreiv gardane. Ei av desse driftige kvinnfolka var Kaia Knutsen. [1],[2]    

Kaia Knutsen blei født i 1887 som den yngste av elleve søsken, døypt Gjertrud Karine, men gjekk under namnet Kaia. Saman med fem av brørne sine - Jens, Henrik, Jakob, Gunvald Johan og Knut Andreas - kom ho til å spela ei sentral rolle i det økonomiske livet i Åkrehamn i første halvdel av 1900-talet. Mens brørne hennar stort sett dreiv innan fiskerinæringa som reiarar, saltarar og eksportørar, var Kaia meir allsidig. I barndommen likte ho å fiska, og hyrte seg også til flekking og salting.

I 1914 reiste Kaia til Egersund, der ho leigde seg eit sjøhus og tok i mot fisk og salta sild. Snart var ho tilbake i Åkrehamn og starta gründerkarrieren sin på heimstaden. Saman med Helene («Hilna») Johannessen etablerte ho ein forretning som selde daglegvarer, klede og sko. Mellom 1915 og 1920 bygde ho det første huset sitt på Åkra, det som i dag ligg i Strandavegen 6. Ho skilde lag med Helene, tok over varelageret og flytta det over i det nye huset. I den nye forretninga handla ho med barneklede, sko og herreklede. I eit hus som Kaia fekk bygd på Vea, satsa ho og på sal av klede.

Forretninga til Helene Johannessen ca. 1915. I midten bak ser me Kaia Knutsen, og til høgre for henne står Helene Johannessen (Foto: Åkrehamn Kystmuseum).

Knutsen-familien etablerte i 1917 Svendsholmen Sildesalteri i Åkrehamn, der Kaia var medeigar. Dette var eit av dei største og mest moderne salteriene i landet. Sjølv starta Kaia med salting av sild på Mortholmen, i sjøhuset som seinare blei kjøpt av Torstein Hauge. I dag står berre sildekummen igjen der.

Ho hadde på denne tida bygd ein etasje på det såkalla «Sukkerhuset» i Strandavegen 8, ved sida av det huset ho hadde klesbutikken i. Ho kjøpte inn moderne fiskematmaskinar og starta med produksjon av fiskemat. Frå eit bakrom i eit lite tilleggsbygg til «Sukkerhuset» selde ho kjøt. For å ta seg av kjøthandelen tilsette ho slaktaren Kornelius Pedersen. Han valde ut dyra og sto for slaktinga. I tillegg fekk ho i gong eit bakeri i huset. Fløytekakene og småkakene til Kaia blei svært populære.

Kaia var og blant pionerane når det galdt motorisert ferdsel i Karmøy. Saman med Johan Nielsen kjøpte ho ein lastebil, som blant anna blei nytta til å køyra rundt fiskemat. Ho skaffa seg i tillegg ein T-Ford, og køyrde med den varer heilt til Haugesund. Fleire av Kaia sine hushjelperar skal ha fått køyreopplæring.

Kaia Knutsen sin T-Ford. Frå venstre ser me Ella Mørk, Elisabeth Svendsen, Gjertrud Knutsen og Johanna Slåttebrekk (Foto: Åkrehamn Kystmuseum).

I 1922-23 flytta Kaia nok ein gong, denne gongen til Kristiansand. Der starta ho ein forretning som selde fisk, sild, fiskemat og komla.
Etter tre år returnerte Kaia igjen til Åkrehamn. Nå satsa ho blant anna på å produsera dongeriklede til fiskarar og ei huve, «Kaia-huva», i det huset som ho saman med broren Henrik hadde bygd i 1921. Stoffet blei klypt i huset der ho budde, og så sette ho syinga bort til kvinner på Vest-Karmøy.
Ho tente godt med pengar, og difor sette ho i stand huset slik at det kunne vera gamleheim for Åkra med ti rom. Ho utstyrte det med senger og det heile. På sengekleda sydde ho inn initialane Å.G. for Åkra Gamleheim. Dette blei og skreve i betongen på framsida av huset. Huset blei så fullt ferdig tilbode Åkra kommune som gamleheim med den klausulen at ho ville det skulle vera gamleheim åleine. Men Åkra kommune ville ha ein kombinert gamleheim og fattighus, og takka difor i 1931 nei til det sjenerøse tilbodet. På folkemunne blei likevel huset etter dette kalla «Gamlehjemmet». Det blei seinare seld til Knut Svendsen, og er i dag reve.

«Kaia-huset» slik det såg ut på 1970-talet (Foto: John Terje Haarr)

I starten av 1930-åra bygde Kaia endå eit hus på Åkra. Det ligg ovanfor Krossen i Åkravegen 22. Huset blei kalla «Kaia-huset», og i dette hadde Kaia dei første åra griser i første etasjen og høns i andre. Etter å ha slutta med dyrehald pussa ho opp huset, laga ein flott hage og bygde på ein etasje der ho flytta inn. Huset sto fram som eit av dei flottaste på Åkra med reine parkanlegget framom. I dei to nedre etasjane i huset dreiv ho blant anna med produksjon av fiskepudding, fiskebollar, og la ned leverpostei og kjøttkaker på boks. Men den store suksessen i produksjonen blei Kaias Saus, som ho tok patent på. Det var ein brun saus i fast form som selde godt både i Norge og i utlandet. Sausen skal ha blitt spesielt populær til matlaging om bord på fiskefartøy.

I tillegg til å driva alle forretningane sine, var ho og aktiv på fritida blant anna i bedehusmiljøet. Ho var og med i skipinga av Åkra Mållag.

Kaia vart aldri gift. Ho døydde i oktober 1959, 72 år gamal.

Kaia Knutsen.
Kaia-saus emballasjeeske.