Planlagt tursti på Stong, botaniske og økologiske vurderingar v/Anders Lundberg

Friluftsrådet Vest planlegg å etablere tursti på Stong i Åkrehamn. Stien er om lag 1 km lang.
Den startar på parkeringsplassen ved barnehagen ved Åkrasanden, og går vestover mot
bunkersane på den midtre delen av halvøya Stong. Her er det planlagt eit stikryss. Ein del av
stien går rett sør, mot utsiktspunkt ved bunkersane; den andre delen går rett nord og endar i
industriområdet i Stongvegen.
Stien er planlagt som ein grusa sti, 1,5 m brei, og den går langs ein eksisterande sti som berre
er blitt til utan tilrettelegging. Delar av stien er i periodar litt fuktig, mens andre delar stort sett
er fast og tørr. Delar av stien vil bli laga med universell utforming.

Første del går igjennom dyneeng
Den planlagde stien startar som sagt ved parkeringsplassen ved barnehagen ved den vestre
delen av Åkrasanden. Første delen går igjennom naturtypen sørleg, etablert dyneeng.
Naturtypen er artsrik, med innslag av vidt utbreidde artar og regionalt sjeldsynte artar, som
raudsvingel, hestehavre, strandrug, gulmaure, kystfrøstjerne, blodstorkenebb, raudknapp,
kvitmaure, svartknoppurt og gulskolm. Alle desse er typiske for naturtypen. Sørleg etablert
dyneeng er ein sårbar og raudlista naturtype. Naturvernlova legg føringar for at ein utbyggar
skal ta spesielle omsyn til slike naturtypar, men det planlagde tiltaket vil neppe redusere
kvalitetane i området. Området er alt sterkt påverka av slitasje, og kan hende vil den nye stien
bidra til å kanalisere ferdsla slik at resten av området blir mindre utsett for slitasje.

Den planlagde stien startar ved barnehagen ved Åkrasanden, og går gjennom sanddyneeng.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nord for Kaiasanden går stitraséen gjennom eit høgt villnis av geitrams. Stien passerer nord
for Kaiasanden, og kjem ikkje i direkte kontakt med den vesle sandstranda. Kaiasanden er
likevel spesielt sårbar med spesielle kvalitetar, og eg tar den derfor med i omtalen her.

Kaiasanden – lita perle med behov for å få ligge i fred
Kaiasanden er liten, omlag 40 x 20 m, men husar spesielle kvalitetar. Desse er i dag meir
utsette enn nokon gong før, m.a. pga. bebyggelsen som er etablert eit steinkast mot nord. Det
er eit sig av ferskvatn ned mot sanden, og blandinga mellom salt- og ferskvatn skapar
spesielle miljømessige tilhøve. Sandstranda er flott, og fram til no uforstyrra av tekniske
inngrep. Mens resten av sanddyneområda på Åkra er sterkt prega av slitasje og ulike typar
inngrep, representerer Kaiasanden ein meir opphavleg, uforstyrra tilstand. Det et derfor sterkt
ønskjeleg at det ikkje blir gjort noko form for inngrep, tilrettelegging eller rydding på
Kaiasanden. Tangen som blir kasta på land må få ligge, den er viktig for å oppretthalde det
spesielle biologiske mangfaldet som finst på stranda. Det einaste som kan fjernast frå
Kaiasanden utan å skade er tomme Cola-boksar.

Kaiasanden med fint utvikla ferskvasstangvoll.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Området har lege uforstyrra i alle år, og er meir opphavleg enn sine større naboar i aust. For å ta vare på det opphavlege preget og det spesielle biologiske mangfaldet, må det ikkje gjerast nokon form for tilrettelegging eller
rydding. Tangen er viktig for livet på stranda, for planter, fuglar og dyr. Utan tang blir stranda
steril og fattig.

Vegetasjonen på Kaiasanden er som sagt spesiell. Ein dominerande vegetasjonstype er såkalla
ferskvasspåverka tangvoll. Den inneheld sjeldsynte artar som kjeldegras, froskesev og
tiggarsoleie, i tillegg til krypkvein. I naturtypen inngår også dei to sjeldsynte artane
bogeminneblom og saftstjerneblom. Eg såg dei ikkje under synfaringa i august 2020, men eg
har registrert dei her før, og dei kan godt vere her framleis. Du finn sjeldsynt alle artane i eit
område under éi synfaring. Dessutan finst saltvasspåverka tangvoll, med artar som tangmelde,

nordsjøreddik, strandbalderbrå, krushøymole, kveke, vassarve, klengjemaure, åkerdylle og
stivdylle. Fleire av desse er såkalla «ugras» som mange vil kjenne frå åker og hage, men her
veks dei i sitt naturlege habitat. Dei fleste ugrasa kjem opphavleg frå tangvollar ved sjøen;
historisk sett kom dei til åker og hage fordi bonden henta lass med tang og tare som blei brukt
som gjødsel i åkeren. Med på lasset følgde planter som naturleg høyrer heime i tangvollane
ved sjøen. I åkeren møtte dei om lag dei same miljøtilhøva som dei var vande med i
tangvollane: mykje lys og dermed varme, mykje næring og liten konkurranse frå andre artar.
Slik oppsto «ugrasa», dei har sitt naturlege opphav i tangvollane, akkurat slik dei så fint står
på Kaiasanden.

Den sjeldsynte arten kjeldegras er talrik på Kaiasanden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Kaiasanden er det også fragment av strandeng, med artar som saltsev, raudsvingel,
strandkryp, gåsemure, fjøresaulauk og fuglevikke. Dette er vidt utbreidde artar som finst i
strandenger langs heile kysten. På Kaiasanden har dei som funksjon å dempe stranderosjon.
Kaiasanden er fint omkransa av flotte strandberg. Strandberga fungerer også som vern for
sandstranda. Dei er kledde av lav, som marebek, strandoransjelav, messinglav, svaberglav,
steinkorkje klipperagg og svart havkantlav. Mange av dei har flotte fargar. Mosen
krypsilkemose er talrik. På strandberga er det også karplanter, som strandkjempe,
knoppsmåarve, strandstjerne og kystbergknapp.
Kaiasanden er ein uforstyrra oase i eit område som er prega av stor slitasje og utbygging. Den
er på sett og vis gløymd, og har kome i skuggen av dei større og meir brukte Åkrasanden og
Medhaugsanden. Det har vore Kaiasanden si lukke, den har fått ligge i fred, og er i dag langt
meir opphavleg enn sine større naboar i aust. Bebyggelsen som i seinare år er etablert i
baklandet, representerer eit stort trugsmål mot denne flotte naturperla. Den nye stien som er
planlagt mot Stong går nærare bebyggelsen enn Kaiasanden, og det er eit stort pluss.

Traséen Kaiasanden-bunkersane
Vest for Kaiasanden endrar naturen seg vesentleg. Her er det ingen sandjord, berre gammal
beitemark dominert av gras og urter. Naturtypen er langt meir slitesterk enn sandstrendene.
Eit interessant innslag er den rike førekomsten av blåknapp. Arten er vidt utbreidd i Noreg,
men enger med så høgt innhald av blåknapp er eit fenomen ein helst ser i Rogaland. Andre
artar i dei gamle beitemarkene er raudsvingel, englodnegras, hestehavre, engrapp, engkvein,
engsoleie, blåklokke, gåsemure, følblom, fuglevikke og blodtopp. Alle desse er vidt utbreidde
artar. Eit unnatak er blodtopp, som har sitt optimum i Noreg i Rogaland og på Haugalandet.
Ingen stader i Noreg er det så mykje blodtopp som her.

Turstien er planlagt gjennom gammal kystbeitemark med slitesterke vegetasjonstypar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På knausane er det fragment av kystlynghei med røsslyng. Kystlynghei er ein prioritert
naturtype, men den planlagde stien representerer ikkje noko trugsmål mot denne. I dei tørraste
grasmarkene er det stort innslag av smyle og tepperot. I små, fuktige sprekker i berget veks
den interessante arten småsevaks.

Blåknapp er talrik i delar av dei gamle beitemarkene.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Slike blåknapp-enger er betre utforma i Rogaland enn i andre delar av landet.

Konklusjon

– Den første (austre) delen av stien går gjennom den raudlista naturtypen sørleg, etablert
dyneeng. Den nye stien vil kan hende kanalisere ferdsla slik at slitasjen på omkringliggjande
dyneenger blir mindre.
– Stien er planlagt nord for Kaiasanden, og vil ikkje direkte kome i kontakt med denne.
Kaiasanden er eit lite, spesielt og sårbart naturområde som forvaltninga må vere spesielt
merksam på. Her er det viktig å unngå alle former for inngrep, tilrettelegging og rydding, for å
ta vare på det naturlege, opphavlege preget.
– Vest for Kaiasanden går traséen gjennom slitesterke naturtypar som er lite utsette for erosjon
frå gåande. Den nye stien vil vonleg bidra til å kanalisere ferdsla slik at den går langs stien og
i mindre grad i terrenget omkring.
– Den planlagde stien vil ikkje påverke biologisk mangfald eller naturtypar på ein uheldig
måte, men invitere til ferdsel gjennom eit flott og interessant kystlandskap.
Bergen, 25. august 2020

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies