Om Åkrehamn

Fakta om Åkrehamn

Vest i havet, ytterst mot Nordsjøen ligger Åkrehamn. Ved de vakre sandstrendene og svabergene på vestsiden av Karmøy har det bodd folk fra urgamle tider. Åkrehamn er skapt av fiskere, bønder og sjøfolk i mange generasjoner. Åkrehamn er i dag et moderne tettsted med 8.185 innbyggere (pr 31.12.2016), med et variert handels- og servicetilbud.

Åker og havn har gitt navn til Åkrehamn, men i de fleste åkrene er det nå butikker, servicebygg og boliger. Gamle Åkra kommune var i sin tid landets største fiskerikommune og ennå har vi et aktivt fiskerimiljø her. Fra det gamle havneområde med idylliske små trehus, går fremdeles sjarkfiskerne ut til fiskefeltene hver morgen. Fiskerne leverer fangsten i havna senere på dagen, og de fleste dager kan en kjøpe fersk fisk, reker eller krabbe i havna og på butikkutsalget til Åkra Sjømat.
Åkrehamn er en liten by på vestsiden av Karmøy. Befolkningen her har alltid vært knyttet til sjøen og fiskeindustrien, siden storhavet ligger rett utenfor stuedøren. Det var også mange bønder som kombinerte sitt arbeidsområde med fisket.

I dag fremstår Åkrehamn som en idyllisk liten småby, med godt utbygd nett for handel. Nærmere 7o butikker kan tilby det meste av det vi trenger i dagliglivet. Hit kommer også et stort oppland for å handle i gater og kjøpesenter.

Havneområdet fremstår i dag som et godt bosted, med små næringsvirksomheter og sjørelaterte arbeidsplasser. Åkra Sjøtun er blitt en liten perle, der du kan sette deg ned og skue utover havnebassenget. To flotte utsalg av fersk sjømat finnes også i havneområdet. Åkrehamn er kjent for at silda kommer inn i februar/mars og blir solgt i havna direkte fra båt. Krabbe, reker, hummer og fisk av alle slag er å finne i våre to utsalg.

Videre mot sør fra havnen, kommer vi til Åkrasanden, som er kåret til Norges fineste sandstrand. Den strekker seg mot Ferkingstad og er ca. 2 km. i lengde.
Næringsområder finnest også i havneområdet med mange aktiviteter og arbeidsplasser. Sentrum fremstår mer og mer som en by, med veldig godt utvalg i de mange butikkene.

Boligtettheten øker og flere flotte leilighetsprosjekter har sett dagens lys de siste årene i sentrum og i havneområdet. Eget torg med stor aktivitet flere ganger i uken, der dere kan få kjøpt alt i blomster og grønnsaker.

Fritidsaktiviteter er det også mange av. 85 forskjellige lag og foreninger sørger for at de som bor her får et variert og godt tilbud. Idrettslag med idrettshall og fotballbaner, Sentrumspark under opparbeidelse, kirker og 6 bedehus med god aktivitet og fellesskap og mange flotte foreninger for enhver smak. Karmøy kulturhus ligger også i sentrum av Åkrehamn og var tidligere Rådhus for Åkra kommune og senere Karmøy kommune. I dag er det kulturskole, bibliotek, og en rekke aktiviteter hver eneste dag.

Åkrehamn Kystmuseum ligger nede ved havna, og de viser hvordan livet var i Åkrehamn i tidligere tider. Museet har også mye stoff om kontakten mellom Vest Karmøy og USA.

Festivaler som Kystkulturdagene rundt ST-Hans, Fiskeridagene hver høst i begynnelsen av august og Gospelfestival med seminarer og konserter samler mange Åkrabuer og tilreisende hvert år. Åkrehamn Vekst som er handels og næringsforeningen arrangerer Glade Maidager, Høstmarked og Julemarked hvert år med mange kremmere og utstillere.

Vi kan også nevne båtnaustene på Hop, tingsteinene på Åkra, Kongestien og Fisherman´s Memorial som gode turistmål.
Vi har alt i friluft i Åkrehamn. Hav med fiske og bademuligheter, utmark med mange stier fiskevann og en fjellagshytte som samler mange turgåere, spesielt på søndager. Svaberg og sandstrender er en magnet for hele Haugalandet i gode solfylte sommerdager, og parkeringsplassene fylles alltid opp når varme og sol er på plass.

Velkommen til Åkrehamn, her er det godt å være både sommer og vinter.

Åkra sangen

Skrevet av Lyder Nes med melodi av Loffen

Ut mot havet ligger Åkrehamn
– du kjære.
Fiskestedet med de bolde menn
– som har trosset vær og vind og mange storme
– og har skaffet velstand til sitt hjem
I fra vikingtid og frem til våre dager,
Har et storslått mønster steget frem:
Gamle Åkrehamn med alle stedets kjære
– det var vikinger, ja krigere blant dem.

Våre seileskuter på fjerne (hav) har fartet
– våre fiskebåter har gjort bragd.
Våre sjømenn, våre fiskere og bønder
– har i mange århundre holt stand.
Ja, se disse bolde menn og dets kvinner
– som med kraft og vilje har gått frem.
– Se historien om Åkrehamn, du kjære,
La oss aldri noen sinne glemme tiden.

Ut mot havet ligger Åkrehamn
– du kjære.
Med naturens store flotte badestrand
– som har vokset opp av storm og flod og fjære,
Salt og frisk og kjent fra gammel tid.
Her har tusen i årtier fått bade
– og fått slappe av i kropp og sinn.
– Fra det harde slit og mange harde dager

La oss ønske hell og lykke med ferden
. For det Åkrehamn vi har i dag
At vår fremtid og vår medgang eller motgang
– gjør at vi kan gå med Gud i lag.
Men skulle tidene forandre til det verre
– så at det blir snakk om vei og tro
Vil vi gjøre som de gamle, våre kjære,
Da stå på vakt på verandaen om vår barnetro

Åkra eit glømd hovdingsete av:Marit Synnøve Vea

Dei fleste på Karmøy har høyrt om segnkongen Ferking på Ferkingstad. Mange kjenner også til dei store båtnausta der kong Ferking skal ha hatt skipa sine. Men det er svært få som veit at det ein gong kan ha vore eit hovdingsete på Åkra, eller var kanskje den gamle stormannsgarden bygd opp kring eit hov?

Åkra ligg på Vest Karmøy, nokre km nord for Ferkingstad. Sjølve namnet kjem av gno. àkr som tyder (heilag) åker. Garden Åkra var sentrum i soknet med same namn, og på 1800-talet var han på heile 6-7000 mål. I dag er det få fornminne att på Åkra, men dei funna som er registrerte i dette området, tyder på at staden må ha vore svært sentral i vikingtida.

Eit skifta av makt frå Ferkingstad til Åkra?

Den gamle Åkragarden har sannsynlegvis hatt sin basis i området mellom Røysane og Åkra gamle kyrkje, og me trur att garden kan sporast tilbake til vikingtida. Det kan me seia fordi me veit at det har stått ei kyrkje her sidan 1301, og mellomalderkyrkjene blei ofte bygde på tunet til sentralgardane. Vidare var det i dette området ein fann dei tre store bautasteinane som i dag står utanfor Karmøy kulturhus. Slike steinar kan opphavleg ha stått på ei hovdinggrav, eller dei kan ha vore reiste for å markera ein tingstad eller ein kultplass.

Ein har funne få gjenstandar på Åkra frå tida før vikingtid, men frå 800-talet dukkar dei opp for fullt. Samstundes ser me at ferkingstadområdet, som har mange funn frå folkevandringstid og merovingartid, får langt færre funn frå 800-talet og utover. Noko har skjedd på vestsida av Karmøy. Det ser ut som om hovdingsete på Vest-Karmøy har flytta frå Ferkingstad til Åkra

Dette har sannsynlegvis samanheng med hendingar ved Karmsundet, kanskje med sjølvaste rikssamlingsprosessen. Maktendringar ved kongesetet på Avaldsnes kan også ha ført til endringar i maktballansen på Vest-Karmøy. Me veit ikkje om Harald Hårfagre kom til Karmøy som erobrar eller om han hadde slektsrøter i området før han slo seg ned på Avaldsnes, men kongemakta si konsolidering førte til store endringar over hele Karmøy på 800-tallet. Blant anna opplevde hovdingar og storbønder at jordeigedomane deira ble konfiskerte og lagde inn under kongen. På Åkra skjedde det motsette; staden blomstra opp i denne perioden. Dette kan skyldast at jordeigarane på Åkra var kongen sine allierte og at dei derfor unngjekk å få eigedommane konfiskerte av kongemakta. Dei ble tvert i mot lønna for innsatsen sin, kanskje på kostnad av makteliten på Ferkingstad som kan ha stått på ”feil” side i rikssamlingskampane.

Ei anna forklaring er også mogeleg, nemlig den at eit gammalt jordeigande aristokrati på Åkra makta å legitimera sin maktbasis gjennom å visa tilknyting til eit guddommelig opphav. Dette viste dei blant anna ved å gravleggja dei daude leiarane sine i båtgraver, og slike gravleggingar var både medvetne religiøse kulthandlingar og politiske demonstrasjonar. På det viset kan dei ha etablert eit ”forsvar” som sjølv ikkje kongemakta våga å rokka ved.

Båtgravene på Mosbron

Båtgravene på Mosbron er dei viktigaste fortidsminna på Åkra. Slike båtgraver er ei meir beskjeden variant av store skipsgraver som Storhaug og Grønhaug ved Karmsundet eller Oseberg og Gokstad. frå Vestfold. Likevel må det tyda noko spesielt at tre slike graver ligg på same stad.

Den første båtgrava ble oppdaga i 1905, då folk på Åkra fann nokre gjenstandar av jarn i ein stor sandhaug. Av desse er eit munnbit og ei mengd båtnaglar tekne vare på. Me vet dessverre ikkje særlig meir om denne grava

I 1907 blei nok ei båtgrav oppdaga. Den låg like ved den førre, og denne haugen har me fleire opplysningar om. Gravhaugen var 12 m i diameter og omtrent 2 m høg. Fleire av gjenstandane frå haugen er bevarte, blant anna eit sverd, spyd, pilekogger og pilespissar. Desse gjenstandane vitnar om at dette var ei mannsgrav. Også nokre ubrende skjelettrestar og båtnaglar er tekne vare på. Sannsynlegvis er dette ei ubrend gravlegging.

I 1938 ble det så den tredje båtgrava opna. Gravhaugen skal ha vore 25-30 m i diameter og ca 2 m høg. Haugen var alt øydelagd, men heldigvis blei dei fleste gjenstandane redda. Gjenstandane viser at dette er ei kvinnegrav. Mellom anna er det funne to ovale bronsespenner, ein kam og restane av eit sett med spelebrikker og terning. I tillegg blei det funne eit vektlodd av bein og skjelettrestar av menneske, hest og hund. Det var berre nokre hundre båtnaglar av jarn igjen av båten, og me trur at dette var ei branngrav.

I 1995 blei båtgravene på Åkra ”gjenoppdaga” i forskingsmiljøet då Arnfrid Opedal ved AmS undersøkte dei nærare. Opedal daterte kvinnegrava til første halvdel av 800-tallet og mannsgrava frå 1907 til siste halvdel av 800-tallet. Den første graven få 1905 blei datert til vikingtid utan nærare tidfesting.

Frøya si prestinne?

Båtgravene på Åkra ligg på toppen av naturlege haugar som alt i utgangspunktet såg ut som gravhaugar. Når dei naturlege haugane blei forstørra med gravhaugar, må dei ha vore eit svært monumentalt blikkfang i det elles flate landskapet på Åkra. Gravhaugane var godt synlege både frå land og frå sjøen. Båtgraver og sjø blir ofte satt i samband med vanene som var gudar for fruktbarheit. Dei mest kjende blant vanene var Njord, Frøy og Frøya. Kvinna som bli gravlagd i ei av båtgravene på Mosbron, kan ha vore prestinne for Frøya. Den ofra hunden og hesten i grava hennar gir assosiasjonar til ein fruktbarheitskultus. Det same gjer båtgrava si nærleik til Åkra, (”heilag” åker). I tillegg til å vera fruktbarheitsgudinne, var Frøya også valkyrje eller skjoldmøy. Som skjoldmøy kom ho ridande til slagmarka i ei vogn trekt av kattar. Her plukka ho ut halvparten av mennene som var falne i strida og tok dei med heim til Folkvang. Den andre halvparten, dei som Frøya ikkje ville ha, fikk Odin hea til Valhall.

Dei som var gravlagde i båtgravene på Mosbron hadde god sikt utover sandstrendene og havet.(Foto S. Vea)
Åkragarden si frie stilling

Me kan også følgja den frie stillinga til jordeigarane på Åkra gjennom dei skriftlege kjeldene. Desse kjeldene viser at kongemakta eigde størsteparten av jorda på Nord-Karmøy. Også elles på Karmøy må store deler av jorda ha vore i kongeleg eige i vikingtid og tidleg mellomalder, mdan Åkragarden står som bondeeige. Gjennom mellomalderen gav kongen mykje av jordegodset sitt til kyrkja, og mange av gardane som tidlegare var krongods blir nå kyrkjegods. Heller ikkje dette skjedde på Åkra. Dokumenter frå 1600-tallet viser at medan berre 11,7% av jordegodset i Avaldsnes sokn var i bondeeige, så var hele 71% av jordegodset i Åkra sokn eigd av bønder. Sjølve storgarden Åkra var på same tid i 85% bondeeige, resten tilhøyrde kongen, adelsslekta Bille og Falnes prestebod.

Vil du veta meir om jordeigedomstilhøva? Les: Karmøys historie bind II, av Frode Fyllingsnes

Folketall

Folketall Åkrehamn pr 31.12.2015: 8193 personer

Karmøy Kommune har 42 187 innbyggere pr 31.12.2015

Haugalandet(9 kommuner) har 114 122 innbyggere per 31.12.2015.

Antall arbeidsplasser

Åkrehamn, 2925 personer
Sævelandsvik, 298 personer
Ferkingstad, 195 personer
Veavåg, 1187 personer

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies