Bli medlem

Nyheter

» I SEPTEMBER FRUKT PÅ BUSK» «Plomme – bilen i frå Vats kjeme te Åkra!

Publisert

- Masse plommer, gru med plommer............
Eg kjeme så godt på minner då eg voks opp i 60 årene i den værharde bygdå Åkra, på vestsiå av Karmøynå.
I den tiå va det lite som voks utenom poter, gullerøter og ugraset.
For dei som planta trær og buskar så tok noravinden og saltråkje seg av den viare veksten.
Som oftast dauga buskane og trædne ut av seg sjøl itte atte nogen stormar om hausten i frå nord hadde passert Sira.
Og på sin viare ferd leggja flatt heila vestsiå på øyne vår, av det som va av små- spirer i jordmoldet.
For ikkje å snakka om fruktrær.
Dei va knytt umulig å få te veksa.
Forresten va det nogen som va litt flinke med sine to - tri epletrær dei hadde i haien sin.
Dei som klarte å få frukt på trædne sine gjorde et nøysomt arbeid og stellte med dei små eplene sine som om det sko vara gull.
Te ein kilopris som ikkje konne løysast med norske fem-øringar.
Å eta såner karmøy- epler i den tiå va som å tryggja steiden som smakte bort i mot det sama som den suraste edikjen.
Eg har erfaring fra eting av desse eplene. Me ongane hadde full øvesikt øve kor desse eplene befandt seg på GPS kartet.
Me stal som "revar" og gjekk på noge med kalte "epleslang", trur eg det hette.
Frukt i den tiå va ingjen selvfølgje kan dokke tru.
Som oftast va det kun te store helgjer at me fekk et eple elle ei appelsina på deling.
Men på sein-sommaren i september måne ble det heilt annsleis for ås ongane.
- Då blei det jubel, kan dokke tru!
Masse frukt kom i frå Hardanger og Ryfylke te den værharde holmen me budde på.
Det va som jul og syttnemai, på ein gong.
"Vatsmannen" som me kalte han kom me sin Volvo Duett 61 modell, drav- lasta med plommer, epler og pærer i store trekassar. Då blei det gleda for dei fleste av ås.
Han stilte seg opp i Åkrakrossen, Grimsbykrossen og på Kaien og selde plommer te ti kroner kassen. Og folk sprong av huse for å kjøpa.
Flotte plommer som va så søte, saftige og god, og at hadde ikkje øyrene ore i veien for ås ongar så hadde smilet godt rondt heila hove på ås.
Foreldrene våre kjypte i kassavis av denne flotta "Vatsfruktet", og me ongar fekk eta det me ville.
Snakk om det va stas!
Me åt og me åt plommer huska eg, heilt te maien måtte ta ein "time out".
Så va det på an igjen. Trykkja ned på plommer og så spytta ut plommekjedden så longt me konne.
Itte å ha ete opp ein halve kasse med plommer så va du så slappe at plommekjedden te tider for ned i maien med resten av plommå.
Men det gjekk ikkje lengje før "Vats-plommene" gav lyd i frå seg og ville ut igjen, den snaraste veien.
Det begynte å brommla i maien og "maga - knipå" inntog maien med fudle styrkje. Det va som du fekk ein bokseneve rett øve navedel. .
Ein bokseneve som som stod knytt fast og ikkje ville trekkja seg tebars.
I frå bakenden kom det plutselig ein "plommefoss" som te tider konne vara lika sterke som Vøringsfossen ein haust dag i november.
Det blei ei "renneskjeta" uten like, iallfall i sjå meg.
Når det va på det versta huska eg sa te meg sjøl.
- Aldri meir ei plomma!
Men det blei fort glømt då "plommebilen" kom te Åkra, neste år i september.
Gode og litt dårlige minner som kjeme te meg når eg ser adle plommene i flotte fargar som i dag ligge så fint på supermarkedene, klar til å stappa te håls.
[caption id="attachment_20072" align="aligncenter" width="500"] Gule plommer[/caption]   [caption id="attachment_20073" align="aligncenter" width="500"] Victoria plommer[/caption]