«Gjekk an?» «Stong inn!» sa an Lars og lo

20. mars 2016 — Blogginnlegg av Kenneth Sandhåland

Kenneth Sandhåland blogger om sin ungdomstid

fotball

«Jaa!» ropte an Lars og heiv armane i veret.
«Tri Ett!»
Me hadde jakker te målstenger.
«Va det mål?» prøvte eg forsiktigt.
«Klart det! Stong inn!»

Kampen gjekk på Rådhusplen. Den minste, der så Kanutta si pylsebu står i dag. Det blei 5-3 og me måtte ha ein pause føre me velte nye lag. Me sykla bort te na Odessa og kjypte leskedrikk. Fråsen! Mjydle veien og Rådhusplen va dorr ein grusplass der syklar og badnavogner konne stå og frå grusplassen va dorr ein liten skråning opp te plen. Me beit hål i plastikken og la oss ned der.

(ein del år seinare…)

Me stod neforbi Idrettshuset og sko te å gå oppi bussen når det kom beskjed om atte Nordtveit heller ikkje konne var’me. Far ans va dø. Dajen før hadde Reinlund meldt forfall av same gronn. Det va dei to så hadde planlagt alt, kor me sko trena, kin me sko spela mot og såner ting.

Me måtte barre kjøre mot Stavanger visst me sko nå flyet. UK øvetok ledelsen, men ingjen hadde peiling på ka me sko gjera og mobiltelefonar va kje oppfonne.

UK står for Uttagningskomiteen. Må kje tru trenaren fekk bestemma åleina. I tillegg te å imponera trenaren, måtte me helle oss inne med UK. Dette året va det an Lyder og Pirion så va med i tillegg te Kvammen, far ans Leon.

«Ikkje gå inn der. UK har møte»

An Karsten Erland, far ans Daffy, va vaktmester og passte på atte UK fekk fred. Gu så spennande det va.
«Blei eg tadde ut, elle?»

«Me kan kje bu her. Ka ska me gjera?»

Hotellet me fekk va gro-sjete.
Ordet fotballfruer fanst ikkje då, men dei eldste spelarane hadde kåner og kjerestar med.

Må slutta og tulla!» sa u Siv ans Leon.
«Få tak i bytter og filler!»

U Siv og Dagmar ans Olav vasste ned både hotellrom og gangar samen me dei andre jentene og det såg ut te atte di hadde det knallskoi.

Me fant aldrig ut kor me sko trena og då kom det godt med erfaringane frå Rådhusplen. Me fant oss ein plen i Hyde Park og brokte igjen jakker te målstenger.

«Gjekk an?»
«Stong inn!» sa an Lars og lo

An Pirion va ballgutt og underholdt forbigåande engelsmenn så smilte og rista på håve.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies