Eg trur me va dei siste så brokte lakksko.

14. mars 2016 — Blogginnlegg av Kenneth Sandhåland

tv titt

Stiveskjorter likte eg som sagt ikkje. Ikkje slips med spring heller. Alltid stramt. Terylenbosa og selar og lakksko. Eg trur me va dei siste så brokte lakksko.

Eg tenkje alltid på na tante Signy når eg tar på meg slips. Hu kledde an Mangor i dressjakka og slips når an sko sjå fjernsyn i glaset te Smith’en.
Smith’en va onkel min, jifte me na tante Helga, syster ans pappa. Di hadde radio- og fjernsynsforretning og vaksne og ongar samla seg uttforbi utstillingsglasene for å sjå dette fantastiska. Nogen gongjer va det barre prøvebilde, men dorr stod folk for det.

Me gjekk te na Ruth Tangen. Opp den høga troppe så låg kloss i veien, og bankte på.

«Kan me få sjå fjernsyn?»
«Ja, kjere folk, kom inn!», sa u Ruth og smilte.

Me la oss på golvet me håve i hendene. Eg kjeme ikkje alltid på kin så låg på siå av meg ele ka me såg på, men eg va møkje samen med an Svein Ove og Dan Roy og Per Kåre så va sånn nas Astrid. Hu så hadde rauge lebestift og va syster nas Marit ans Ludolf. Adle dei budde midt i Grimsby

«De må’kje liggja så nærme», sa u Ruth.
«Det e farligt».

Tv titt2

Tjorven har brente seg fast, men om eg såg det hima elle sjå na Ruth e eg kje sikker på? Me fekk jo fjernsyn sjøl te slutt. Tandberg!

Ellers e det godt blanda samen: Onkel Lauritz, Ivanhoe, Robinson Cruzoe, Televimsen og Skippern. An pappa lo så godt av Televimsen.
Fjernsynsminnene blanda seg med det frå idrettshuset. Me sat på bedehusstolar så va hekta i samen på flatt golv og såg på kino. Fysste reklame, ittepå Hoppalong Cassidy elle Tarzan. Tarzan va kjereste med na Jane, men di sa Djein.

Tv titt3

Så flytte u Jane te Åkra. U va ennå finare elle na Djein. U gjekk i klassen nas Liv, sysjåbadne nas Linda og budde i markje. Far nas va lerar på Yrkesskuel.
På denne tie va me slutta å sei Vassvågpylsa og bejynte å seia Kanuttapylsa.
Pylsebue stod i krossen der så Centrum Varehus står nå. Om kveldane va dorr follt me ongar og ongdommar. Spesielt itte det va ferigt på Bedehuset.
U Kanutta og Mary og Leif stekte for livet.

Eg gjorde alt.
Sporrte na Liv om hu konne spørja na Jane om me konne vara i samen.
Gav na lappar.
Sykla na.
U fekk sparka seg.
Ringte te na.

Det sista va’kje lett.

«Det kosta møkje å ringja», sa u mamma.
«Du må spørja fysst».

Eg gjorde det nogen gongjer. Sa eg sko ringja te an Geirmund elle noge anna u konne tru på. Andre gongjer lurte eg meg inn te telefonhydle så hong i krone oppforbi divan. Eg fekk snakka med na visst det va more så tok telefon, men faren kom eg ikkje forbi.

Me blei aldrig kjerestar, men eg trur u likte atte eg prøvte for u sa aldrig nei. Te slutt forsto eg atte an Sven Ole og Bjørn David og dei karane hadde ein fordel sie di va liga gamle så hena. For ikkje å snakka om dei så va ennå eldre, an John Marton me siesjillen sin, for eksempel.

Kin u va i samen med den gongjen eg fekk det gnitt inn atte u va i samen med andre, vett eg ikkje, men eg kjeme på himturen frå Krossen. Når eg va på høde med kørkjå, sko eg hengja meg og uttforbi na Annapåfilial sko eg drokna meg. Heile verden raste samen og eg trur det varte i fleire dar.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies