«Dokke må passa dokke, di har kniv», sa dei vaksne.

8. mars 2016 — Blogginnlegg av Kenneth Sandhåland

«Dokke må passa dokke, di har kniv», sa dei vaksne.

Det fekk våga seg. Det va knallspennande når rekkjå med Mercedesar og campingvogner rodla jøne Krossen. Me la oss på hjul med syklane. Inn med an Trygve Mannes, te venstre med an Ola og dei, forbi an Karsten så va liga gammadle så en Eivind og hadde ei syster med knallfine hårfarje og ei så va venninde med na Klara -syster ans Jakob – føre med skrenste med bakhjulene og stoppte ned me der så an Steffen Vea budde. An Steffen spelta på A-lajet og va jyselige å skalla. Dotter ans, u Synnøve, jifte seg med an Kent og flytte vekk. An Kent, bror nas Elizabeth og Joyce så budde på hi siå av an Appe. Di hadde så fine navn. Amerikanske!

Det va mongje så meinte di sko vore torrjagte.
«Di stele oss reine», sa di.
Det va nok det di va redde for bergenserane og øslendingane og. Di hadde PV’ar, Amazonar og Taunusar og sat uttforbi dei blå og oransje teltene når sigøynarane trengte seg inn i mjydlå di.Teltene blei tadde ned og surra på takgrindene og me skreiv bilnommeret på di når di for.

Sigøynarane tente bål. Det va ingjen så gjorde det når det ikkje va Jonsok.
Me smilte te jentene med dei livlige augene og slost med gutane. Di brokte ikkje kniv, men va kje go å ta ligevel. Di hadde nok fått trent seg føre di kom te Sandane.

Sandane! Føre me fekk lov te å gå te Årabrot åleina, måtte me varme mammene på Sandane. Dei vaksne sat på store pleid oppforbi sand. Eg hadde blå badeboksa med syltespring og havna ofta uttforbi teppe så atte det stiva, skarpa graset stakk meg opp i skrittet. Drakk kokvarme, gule Sapp og fekk sjeva med smelta smør og sokker på. Og kjeks.

Adle sat ii graset. Ikkje et menesje på sjølve sand. Me flytte oss ikkje ned på sand føre godt inn på 70-talet. Då hadde dei vaksne vore på Mallorca og komme him me bilder frå grisafestar der mannfolkje sat og gapte med heila håve bakøve mens flotte senorita’er spruta vin i halsen på di frå store grisamagar. Me har bilde av når an pappa og onkel Høger gjorde det mens u mamma og tante Astrid sat på siå og glinsa av Nivea og stolthet.

Eg trur Haugesondarane va dei fysste te å sedja seg på sjølve sand. Dei sat på tredje-sand, elle Tilly-sand så me sa før når u Tilly – så hadde rosa amerikanske lebestift – hadde sommarkafe.
Me synst Haugesondarane va litt løgne. Iaffall snakte di løye. Nogen sa jei i plassen for eg.

© Åkrehamn Vekst — Utviklet av Appex

Personvern & cookies